Mykje av plastsøppelet i havet kjem truleg frå skip

Dei fleste plastflaskene som blir skylt i land på den ubebudde øya Inaccessible Island sør i Atlanterhavet, kjem truleg frå kinesiske handelsskip, viser ein ny rapport.

Den enorme mengda flytande plast kjem frå skip som kastar mange tonn med søppel over bord. Forskarane har samla inn tusenvis av plastobjekt under besøk til den vesle øya i åra 1984, 2009 og 2018.