Gigantisk flytande øy gir håp for truga korallrev

Ei flytande øy er på veg mot Great Barrier Reef. Det er verdas største korallrev.

Korallrevet Great Barrier Reef er truga av klimaendringar, og forskarar frykter at temperaturendringar i havet vil øydeleggje korallane. Korallane er nemleg veldig sårbare.

Øya som kjem flytande mot korallrevet består av pimpstein som blei danna under eit vulkanutbrot. Øya er like stor som 20 000 fotballbanar, og dukka plutseleg opp i Stillehavet for få veker siden, skriv Dagbladet.

Mange gassbobler

– Pimpsteinen er full av mange små gassbobler, som gjer at den er lettare enn vatn. Difor flyt den på overflata, fortel geofysiker og vulkanolog Sverre Planke ved Universitetet i Oslo til Dagbladet.

Ifølge ABC Nyheter blei denne pimpsteinøya truleg danna etter eit utbrot frå ein vulkan som ligg under vatn.

Vulkanolog Sverre Planke ved UiO seier til Dagbladet at den flytande øya kan tilføre korallrevet nye, friske korallar.

– Dei små holromma i steinen kan bli fylt med mineral, alger og korallar og flytte frå ein stad til ein annan. Vi veit at mange dyr og marine organismar har forflytta seg på øyer på denne måten, seier Sverre.