Dette får prinsesse Ingrid Alexandra i konfirmasjonsgåve

I dag skal prinsesse Ingrid Alexandra konfirmeres klokka tolv i Slottskapellet. Då får vi sjå den komande dronninga i ein heilt ny bunad.

Kongehuset offentliggjorde denne veka at kongeparet har valt å gje barnebarnet ein ny bunad som ho skal ha på seg i konfirmasjonen.

At konfirmantar får bunad i gåve er ikkje noko nytt. Det er nok difor den tradisjonsrike familien har valt å gje barnebarnet nettopp denne gåva.