Bløffen om Sommarøy går verda rundt

Har du lese om øya i Trømsø som skulle kvitte seg med alle klokker? Det viste seg å vera falske nyhende.

6. juni laga NRK ein artikkel om at bebuerane på Sommarøy i Tromsø skulle kvitte seg med alle klokker og leve i eit samfunn utan tid.

Artikkelen spreidde seg som eld i tørt gras, og mange norske og utanlandske aviser skreiv om den vesle øya.

Alt var løgn

25. juni kom det fram at det heile var eit PR-stunt frå Innovasjon Norge.

At det var eit PR-stunt tyder at nokon som jobbar i Innovasjon Norge bestemte seg for å gje feil informasjon til NRK og andre medier, for å få merksemd retta mot Sommarøy som reisemål.

Det er eit døme på falske nyhende som vi tidlegare har skrive om i denne artikkelen: “Falske nyhende er som rykter i skulegarden”.

Etter at nyhenda om løgnen kom fram, har både direktøren i Innovasjon Norge og næringsministeren sagt unnskyld.

– Du skal ikkje lyge, punktum, seier Peggy Simcic Brønn, professor ved institutt for kommunikasjon og kultur ved BI til NRK.

Men når nyhende som er falske har byrja å spreie seg, er det vanskeleg å stoppe dei. Difor er det stadig nye aviser som skriv om saka. Torsdag føremiddag var det heile 2050 utanlandske medier som har omtala saka.