Sverige får ikkje vinter-OL i 2026

Manglande OL-interesse i Sverige førte til at Italia vann kampen om OL.

Med 47 mot 34 røyster gav IOC (Den internasjonale olympiske komité) vinterleikane til Italia, skriv NRK.no.

Det er for liten støtte frå det svenske folket, meiner IOC-president Thomas Bach.

83 prosent av italienarane støtta OL-søknaden, medan i Sverige var det berre 55 prosent som var positive til eit OL i 2016.

Tala er henta frå IOC si eiga undersøking.