Kvitkvalen i Hammerfest overlevde nesten ikkje helga

Forskarane som har ansvar for å mate kvithvalen var redde for at han skulle døy i helga.

– Det har vore ei tøff helg, han har vore slapp, har nesten ikkje spist, har hatt feber og det kom ei dårleg lukt opp frå magen hans, seier Eve Jourdain, grunnleggjar av Norwegian Orca Survey til NRK

Ho og eit team med forskarar har hatt ansvar for å passe på kvithvalen dei siste vekene. Kvalen kom til Hammerfest i mai.

Heldigvis er formen til kvitkvalen betre no.

Akkurat kva som gjer at han vart sjuk, kan ikkje forskarane seie noko om. Men dei trur det kan vera noko kvalen har fått i seg.

– Sidan det kom ei dårleg lukt opp frå magen trur vi det kan vera noko han har spist, seier Eve.

Ikkje mat kvalen

Eve er redd for at kvalen kan ha blitt smitta av publikum som matar etter klappar han.

– Vi veit ikkje kva folk gir han av mat, og heller ikkje kor rein maten og hendene er, difor er det viktig at ingen matar eller klappar han, seier ho.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet