Lego testar ut klossar for blinde og svaksynte

Noreg er eit av fire land som testar verdsnyhenda som har fått namnet «Lego Braille». Klossane skal hjelpe barn å lære å lese gjennom leik.

Brasil, Danmark, Storbritannia og Noreg har fått fem esker kvar til testing, skriv NRK.

Slik fungerer det; Knottane på toppen av klossane er punktskrift. Punktskrift er prikkar som blinde og svaksynte kan kjenne på for å lese med fingrane sine. Kvar enkelt legokloss har knottar forma som ein av bokstavane i punktskriftalfabetet. Under står det markert for dei som kan sjå kva bokstav klossane har.

– For blinde og svaksynte er det kjempeviktig å lære punktskrift, seier seksjonsleiar Sverre Fuglerud i Blindeforbundet til NRK.

Den nye legoen har fått det engelske namnet «Lego Braille» som tyder «Lego Punktskrift».