Desmond (11) er drag kid

Du har kanskje høyrt om drag queen. Det er menn som tek på seg sminke, parykk og kjole og opptrer for eit publikum. Desmond er 11 år og kallar seg drag kid (barn).

Desmond leikar seg med tog og videospel, men når han er Desmond is Amazing blir han ein annan versjon av seg sjølv. Då er han på Snapchat og Instagram. Gjer intervju og er med på fotoshoot.

– Eg likar å gjere drag for då får eg vere meg sjølv. Eg kan sminke meg, fikse håret og bruke fantastiske kjolar.

(Saka held fram etter bilete)

Han vart superkjend etter eit bilete av han gjekk viralt. Bilete var frå då han gjekk i ein homoparade i New York i 2015. Utkledd som Desmond is Amazing.

Fått kritikk

Familien til Desmond har fått mykje kritikk, men det amerikanske barnevernet kom fram til at det ikkje var noko sanning i bekymringa.

– Vi er i 2019, og drag kids finst. Lev med det! seier han

Saka er henta frå vg.no