Framtidajunior Nyhende Katastrofebrann i Notre-Dame
Foto: Pixabay

Katastrofebrann i Notre-Dame

Brannen i den katolske kyrkja Notre-Dame er sløkt. No jobbar brannvesenet med å sikre bygningen i Paris.

Brannen starta rundt klokka 18.50 måndag kveld. Den starta på loftet i ein del av bygget som var under oppussing.

Alle som var inne i kyrkja kom seg ut, skriv Aftenposten.

Ingen veit kva som gjorde at det byrja å brenne. Kyrkja er bygd i tre og stein, og det eldste treverket er frå 1100-talet. Det tok over 100 år å bygge katedralen som sto ferdig i 1260.

Tidleg tysdag morgon fekk brannvesenet kontroll på brannen. Sjølve bygningen blei berga, og dei to store tårna står trygt att.

Gamle skattar

Det var mange kunstskattar i kyrkja. Ein del av desse vart redda, men ein heil del vart øydelagt.

Frankrikes president Emmanuel Macron har lova at kyrkja skal byggast opp att. Mange av dei landets rikaste folk vil spleise på dette. Pinault-familien har gitt over ein milliard kroner. LVMH-gruppen gir nesten 2 milliardar kroner.

Kyrkja er viktig for katolikkar. Mange historiske hendingar har skjedd her. Kvar år besøkjer 13 millionar menneske kyrkja.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR