Forskjellen på jødisk og kristen påskefeiring

Både jødar og kristne feirar påske. For kristne handlar påska om Jesus. For jødane er det noko heilt anna.

Først må ein vite forskjellen på ein kristen og ein jøde, og kva dei trur på:

  • Det gamle testamentet er ei heilag skrift for begge religionane.
  • Både jødedommen og kristendommen er abrahamittiske religionar saman med islam. Dei tre religionane ser på seg som etterkomarar etter Abraham.
  • Trua på Jesus som Guds son og at han døydde for å gi alle dei som trur på han frelse og evig liv er det viktigaste i den kristne trua.
  • Det nye testamentet, som handlar om Jesus, er berre i den kristne bibelen.
  • Jødar trur ikkje at Jesus var Guds son. Dei ventar framleis på han.
  • Jesus var ein jødisk predikant som forkynna Guds ord.
  • Jesus blei arrestert og dømt og krossfesta av den romerske prefekten Pontius Pilatus.
  • Etter Jesus sin død trudde følgjarane at han stod opp frå dei døde, og samfunnet rundt han danna til slutt den kristne kirka – den kristne religionen.

KRISTEN PÅSKEFEIRING

Colourbox

KRISTEN PÅSKEFEIRING: Dei kristne feirar påske til minne om Jesu død og oppstode.

Jesus blir sett på som Guds son. Påska er den viktigaste høgtida for dei kristne.

JØDISK PÅSKEFEIRING

Colourbox

JØDISK PÅSKEFEIRING: Jødane feirar pesach slik Jesus sjølv, og disiplane gjorde: Til minne om at Moses førte Israelsfolket frå slaveriet i Egypt for meir enn 3.000 år sidan.

Jødar trur ikkje at Jesus er Guds son.

Påskemåltidet for kristne og jødar

Colourbox

Det kristne nattverdmåltidet: Det siste måltidet Jesus hadde med disiplane. Brødet og vinen du får i nattverden er symbol på Jesu legeme og blod.

Jødisk påskemåltid: Jødane eter Matzah. Då israelsfolket kom seg fri frå Egypt skjedde det så raskt at dei ikkje rakk å heve brødet. Derfor et dei Matzah, som er eit usyra og uheva brød som minner dei om denne hendinga.

Visste du….

PÅSKEMÅLTIDET som kristne kjenner som Jesu nattverdmåltid, var i verkelegheita eit jødisk påskemåltid som består av brød og vin.