Scotty er verdas største T-rex

Dette tyrannosaurus-skjelettet er 66 millionar år gamalt og det største som er oppdaga frå denne dinosaurarten.

Fakta om Tyrannosaurus rex
  • Tyrannosaurus rex tyder «tyrannisk kongeøgle», av gresk tyrannos = «hersker» + sauros = «øgle»; latin rex = «konge»).
  • Tyrannosaurus rex var ein kjøttetande dinosaur som vandra rundt på jorda i siste del av krittperioden for 66-68 millionar år sidan.
  • Namnet Tyrannosaurus rex fekk den av den amerikanske geologen og paleontologen Henry F. Osborn i 1905.
  • Forskarane trudde lenge at Tyrannosaurus rex var den største kjøttetande dinosauren som har eksistert, men dei har i seinere tid funne at det er minst to rovdinosaurar som var større enn Tyrannosaurus: Giganotosaurus og Spinosaurus
LES FAKTALUKK FAKTA

Forskarane trur tyrannosaurusen (T-rex) har vore 13 meter lang og heile 8800 kilo. Det er mykje større enn dei afrikanske elefantane, skriv Kids News.

Skjelettet er cirka 65 prosent komplett og inkluderer nokre ribbein, hofter og bein.

Scotty blei oppdaga i 1991 i Saskatchewan, Canada, nær grensa til USA, men var innkapsla i sandstein.

Det har tatt mange år å fjerne steinen.

FOTO: Skjermdump / YouTube / StegoRex