Samla inn over 100 tonn batteri!

Over 15.800 fjerdeklassingar frå heile Noreg deltok i årets Batterijakt. Saman har dei klart å samle inn svimlande 100,3 tonn brukte batteri. I hovudkonkurransen var det mange klasser som nådde maksimal poengsum på 2000 poeng. Vinnaren måtte derfor trekkast og førsteplassen gjekk til 4C ved Vigernes skule.

Batterijakta er ein klassekonkurranse for 4. klasse. Målet er å samle inn brukte hushaldsbatteri og sørge for at dei blir vunne att i staden for at dei går i boset, eller endå verre – i naturen. Målet er å skape gode miljøvanar og eit auke engasjement i skulen.

– Vi er ganske sikre på at den fantastiske innsatsen til fjerdeklassingane dei siste åra har vore med på å bidra til den utrulege endringa, seier prosjektleiar Julie Vestgren Pettersen ivrig.

Før Batterijakten starta i 2013 vart berre 1 av 3 batteri vunne att. Dei siste sju åra har denne trenden snudd, og i dag blir 4 av 5 hushaldingsbatteri levert inn.

Klima i fokus

I dag gjer unge ein fantastisk jobb med å få politikarane til å ta fleire miljømedvitne val innanfor politikken. Fjerdeklassingane er med på å dra ein stor del av lasset ved å bli bevisste på korleis dei sjølv, familie og venner kan bidra til å ta betre vare på jordkloden.

– Klimadebatten er verkeleg i vinden akkurat no, og då er det ekstra gøy å vere fjerdeklassing! Elevane har gått frå dør til dør. Dei har fått familie og venner med på laget og dei har lagt ut innlegg på sosiale medium i jakta på batteri, seier Vestgren Pettersen stolt.

Tre vinnarar!

1. plassen i år har gått til klasse 4C ved Vigernes skule i Skedsmo som har vunne 30.000 kroner til klassekassen. På ein god 2. plass finn vi 4B ved Vardenes skole i Stavanger som har vunne 20.000 kroner, og på ein herleg 3. plass finn vi 4B ved Eide skule i Eide som har vunne 10.000 kroner.

I tillegg har det òg vorte kåra 18 fylkesvinnarar som kvar vil få miljøfremmande utstyr frå Clas Ohlson.