Nordens dag

Nordens dag blir arrangert 23. mars kvart år som ei markering av inngåinga av Helsingforsavtalen i 1962.

Denne avtalen regulerer det offisielle nordiske samarbeidet og kallast «Nordens grunnlov». Foreininga Norden feirar dagen, ofte med nordisk gjestebod og flagging med nordiske flagg.

Helsingforsavtalen, i blant kalla «Nordens grunnlov», er ein avtale som regulerer det offisielle samarbeidet mellom dei nordiske landa. Traktaten vart underskriven i Helsingfors (Helsinki) i Finland 23. mars 1962 og tredde i kraft 1. juli same år.

Partar i avtalen er Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige.

Dei fem nordiske flagga: Finnland, Island, Noreg, Sverige og Danmark. (Foto: Hansjorn/Wikipedia/CC BY-SA 3.0)

Nordiske korsflagg

Nordisk korsflagg, nordisk kors eller skandinavisk kors er eit flaggmønster som vanlegvis blir assosiert med flagga til dei skandinaviske landa, der dette mønsteret oppstod.

Korset symboliserer kristendommen, og det ligg sidelengs som eit kors. Nordiske korsflagg skil seg frå andre flagg med kors ved at den vertikale stripa i korset er forskoven mot flaggtanga.

(Kjelde: Wikipedia)