Barbie får rullestol og proteser

Siste nytt frå leikeprodusenten Mattel, som står bak den berømte Barbiedokka, er at dei har laga ein ny kolleksjon med dokker som har både rullestol og proteser.

Sidan 1959 er det blitt selt enormt mange barbiedokker i fleire variantar over heile verda. Det er faktisk selt over 100 millionar barbiedokker.

Dei populære dokkene har i mange år fått kritikk for å vise fram kroppar som ikkje representerer verkelegheita. Mattel har også fått kritikk for å skape eit bilete av vaksne som kun tenkjer på glamour og materielle ting.

No vil Mattel gje barn eit meir realistisk bilete av menneskekroppen. Den siste kolleksjonen inneheld barbiedokker med fleire ulike kroppsfasongar.