Sjå filmen som låg inne i ein sel(!!)

Forskarar i New Zealand tinte opp ein selbæsj og fann ein minnepinne. På minnepinnen var ein video.

NIVA (National Institute of Water and Atmospheric Research) la ut videoen på Twitter. Her kan du sjå filmen.

Forskarane ville finne ut kva leopardselen et, og kva helse dei har, og kor lenge dei har vore i områda rund New Zealand.

At dei skulle finne ein minnepinne med ein eitt år gamal video, var ikkje det dei forventa seg.