– Spelar gitar kvar dag

MIN HOBBY: Gracjan Pawlak (12) høyrde lyden av ein gitar og tenkte; «det er berre det instrumentet eg vil spele på».

 

Namn: Gracjan Pawlak

Alder: 12 år

Bustad: Etne

 

Kva hobby driv du med?  

– Gitar.

Kva tid starta du?

– To år sidan.

Kor ofte trener du?

– Onsdagar etter skulen spelar eg med ein lærar, og heime spelar eg kvar dag i ein halvtime. VIss eg har lyst så spelar eg gjerne endå meir.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

Eg hadde lyst å spele eit instrument. Eg blei veldig interessert i gitar. Når eg høyrde på det, så tenkte eg «det er berre det instrumentet eg vil spele på».

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

– Det er gøy, og det er mange forskjellige songar eg ikkje har høyrt før.

Kva er målet ditt med hobbyen?

Eg har ikkje noko mål, eg vil berre ha det gøy.

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på øving?

– Eg har ikkje slike dagar.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti?

– 7-8.

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre?

– Eg må øve mykje. Spesielt på å holde takta.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– At det viktigaste er å ha det gøy!