Den tidlegare barne- og likestillingsministeren, Linda Hofstad Helleland, går dermed av i stillinga.
KrF blir eitt av dei fire partia i den utvida regjeringa.
Kven sit i regjering?
No sit Høgre (H), Framstegspartiet (Frp), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF) i ei fleirtalsregjering.
Kva er ei fleirtalsregjering?
På Stortinget sit 169 folkevalde representantar. Regjeringspartia har 88 personar på Stortinget. Dei andre partia har 81 personar.
Det vil derfor vere lettare å gjennomføre politikken som regjeringa legg fram, fordi fleirtalet av dei 169 representantane på Stortinget kjem frå regjeringspartia, og vil mest truleg stemme for det regjeringa legg fram.
Fleirtalsregjering er bra for statsministeren, fordi det er Stortinget som avgjer om ein skal godkjenne regjeringa sine forslag.