Karsten Warholm er årets førebilete

Under Idrettsgallaen blei det delt ut mange prisar. Ein av dei var til Karsten Warholm.

Årets førebilete

Warholm fekk prisen som årets førebilete. Dette er ein pris som går til ein person eller eit lag som har representert idretten på ein spesielt god måte. Vinnaren har vist fair play i praksis, og formidlar gode haldningar til barn og ungdom gjennom sin opptreden på og utanfor banen.

Karsten Warholm kjem frå Ulsteinvik. Faktisk den same byen som NRK-serien Heimebane er spelt inn.

Utøvarane sin pris

Jakob Ingebrigtsen stakk av med prisen som utøvarane sjølv stemde fram. Prisen delast ut til ein utøvar som toppidrettsutøvarane sjølv meiner har stått for den beste prestasjonen i året som gjekk.