Kva er eigentleg Black Friday?

Det er ein årleg handledag som starta i USA, dagen etter Thanksgiving. Thanksgiving er alltid fjerde torsdag i november, så derfor er Black Friday alltid den fjerde fredagen i november.
På Black Friday er det ofte gode tilbod på varer, som mange vert freista av.
I Noreg kom begrepet i bruk i 2010. Då starta diverse varehus å herme etter den amerikanske tradisjonen, og etter det har dei fleste handelshus vorte med.
Nokre butikkar har lange køar før dørene opnast. Og nokre stadar går folk heilt amok.
Mange boikottar denne dagen, fordi dei ikkje støttar kjøpehysteriet og fordi det ikkje er miljøvenleg.
Kva meiner du?
254 svarKva synest du om Black Friday?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.
Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
467 svarKva tenkjer du? Var det bra at gutane fekk ros i avisa?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.