Lothepus fekk dialektprisen i år | Framtidajunior.no

Lothepus fekk dialektprisen i år

Leif Einar Lothepus fekk dialektprisen 2018. (Foto: Stian Servoss)

Prisen har som mål å synleggjere dialektbruk i media.

Leif Einar Lothe, eller Lothepus som han vert kalla, har sitt eige program som heiter Fjorden Cowboys. I tillegg var han med i Farmen kjendis der han vann.

Lothepus kjem frå Rogdo i Ullensvang som ligg i Hardanger.

Han har óg sitt eige band.

I 2017 blei Lothe kåra til Årets medienamn og årets kjendis. Han var også den mest søkte personen på google. (kjelde: Wikipedia).

I 2017 var det P3 morgen som fekk prisen for å fremje dialekt i media.

Kva meiner du?

71 svar

Bør barn i Noreg få ein eigen fridag?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir