Tre om energidrikke

Vi har snakka med Tommy (9), Oluf (9) og Matei (11) om energidrikke.

Tommy Siimensen (9)

FOTO: Janne Nerheim

– Viss du får for mykje energidrikke, kan hjarta gå for fort, og du kan komme på sjukehuset. Eg har smakt ein liten slurk, men eg drikk det ikkje. Sjølv om det smakte godt, tenkte eg at eg ikkje vil bli avhengig av det. Eg vil ikkje hamne på sjukehuset heller. I staden spring eg fort for å få energi, eller så et eg god mat. Godteri gir meg energi! Eg spelar også fotballkampar, og eg går på karate.

Oluf Strom Valde (9)

FOTO: Janne Nerheim

– Du kan bli avhengig, og så kjøper du meir og meir og meir. Når eg kjenner eg har lite energi, seier eg til mamma og pappa at eg vil ned på fotballbana for å spele. Det hjelper. Eg har smakt energidrikke. Det smakte det ikkje godt. YouTube-stjerna Randulle drakk energidrikk før, men ikkje no meir. No drikk han vatn, mjølk og juice. Ein gong eg var på overnattingsbesøk hos ein ven spelte vi Fortnite heile natta. Og det klarte vi fint utan energidrikke!

 

Matei Andrei Pop (11)

FOTO: Janne Nerheim

– Eg har smakt energidrikke, og det var veldig godt. Men eg fekk ikkje sove den natta, sjølv om eg berre drakk ein halv boks. No drikk eg det ikkje, fordi eg kjente at eg ikkje fekk roa meg ned etter eg drakk det den kvelden. Det er ikkje bra for hjarta heller.