Kvifor vil ingen ha ein banan som ligg åleine i disken?

Ved å rive av ein banan frå klasen, lagar vi meir matsvinn, ifølge matekspert.

I Noreg blir det kasta cirka 355.000 tonn mat i året. Frukt og grønt er noko av det vi kastar mest av, og bananar er verstingen, skriv NRK.

Mindre freista

Kamilla Knutsen Steinnes, som er forskar og psykolog, fortel til NRK at det er fleire ting som gjer at vi ikkje tek med oss ein banan som ligg åleine. Ho meiner vi blir mindre freista viss den er misfarga.

– Gul er ein farge som vekkjer gode kjensler, medan brun er ein farge som kan vekkje triste kjensler, seier ho.

Brekk av ei ny

Dessutan vel vi helst å brekke av ein ny banan frå ein klase, fordi andre menneske kanskje har tatt på ein banan som ligg åleine i disken.

Brekk du av ein banan frå ein ny klase, eller handlar du den som ligg åleine?