Du kan hjelpe forskarane å telje fuglar

Fugar reiser verda rundt, og forskarane klarer ikkje å telje dei utan hjelp. No kan du bli med å telle fuglar i prosjektet «eBird»

Slik gjer du:
  • Last ned appen.
  • Tast inn staden du er
  • Då får du sjå ei liste over alle fugleartane andre har funne der du er
  • Kryss av for alle artane du ser
LES FAKTALUKK FAKTA

Forskarar ved Cornell University i New York har laga appen eBird for å finne ut kor fuglane er, og kor mange dei er på ulike tider av året, skriv Illustrert Vitenskap.

Mange hjelper til

Meir enn 300.000 deltakarar i heile verda har registrert fuglar så langt. Desse deltakerane har sett 10.372 fugleartar over ein halv milliard gongar.

I 2017 bruke amerikanske forskarar tal frå eBird til å sjå korleis klimaet påverkar fuglelivet. Forskarane har også brukt eBird til å finne ut kor det er viktig at fuglar vert freda.