Starta YouTube-kanal

Mathilde bur i Spania og går på Den Norske skolen i Málaga.

– No er eg inne i mitt andre skuleår her i Spania, seier Mathilde.

Mathilde er 12 år og går i 7. klasse på Den Norske Skolen i Málaga (DNS Málaga).

– Eg stortrivst her, seier ho.

– Akkurat no er eg litt i den situasjonen der mamma, pappa og eg diskuterer om vi skal reise tilbake til Noreg, når eg skal byrje på ungdomskulen neste år.

Akkurat det er vanskeleg å bestemme seg for. Ho likar seg veldig godt på skulen, men så er også saknet etter mormor, morfar og venner der.

I Spania har ho også familie. Farmor, farfar, tante og onkel og kusine og fetter bur i Spania.

Mathilde og faren brukar å klartre. Både ute og inne. (Foto: Privat)

Starta YouTube-kanal

Hennar store interesse er riding og klartring. Ho er med i ein rideklubb. I tillegg klatrar ho ein del saman med faren sin. Då gjerne i grottene som det er mange av i Spania.

For ikkje lenge sidan starta ho ein YouTube-kanal. Den heiter Mathilde sportygirl, der ho viser livet sitt med mellom anna riding, klartring og andre ting som skjer i kvardagen i Spania.

Mathilde redigerer filmane sine sjølv, og pappa hjelper henne med å filme.

– Målet med YouTube-kanalen er å vise kva eg gjer i livet mitt.

Badar ikkje så ofte

For livet i Spania er kanskje ikkje så veldig forskjellig frå livet i Noreg.

– Vi er så og seie aldri på stranda og bader. Det gjer vi berre når vi har besøk frå Noreg, seier ho.

Heime i huset der ho bur har dei eit stort felles basseng med naboane, men ho badar ikkje kvar dag, noko vi i kalde Noreg kanskje trudde ho gjorde. Kanskje ho har vorte som ein innfødt?

– Eg er ikkje lei av bading. Det er gøy, men det skjer ikkje kvar einaste dag, seier ho.