Sommarles har tatt heilt av | Framtidajunior.no

Sommarles har tatt heilt av

Volkan på Biblo Tøyen fortel at han er veldig glad i å lese. Han og mange andre barn rundt omkring i Noreg har lese rekordmange bøker i sommar. (Foto: Framtida junior)
Fylka som har lese flest bøker per brukar

Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Rogaland Hordaland og Buskerud

I år har det vore super-duper-rekord med Sommarles. Barn i Noreg har i snitt lese ti bøker og over 1000 sider kvar. Det her vorte lese (hald deg fast) over éin million bøker.

Favorittbøker

– Bøkene om Detektivbyrå nr 2 har vore den store slageren i heile sommar, seier prosjektleiar for Sommarles, Pernilla Slotte Hjermann til Framtida Junior.

– Alle pallplasseringane har Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes (illustratør). Men også Gutta i trehuset-bøkene har vore veldig populære. Generelt sett ser det ut som at barn likar bøker med litt mysterie og spaning, seier Pernilla.

Biblo Tøyen med sjølvlaga premiar

På Biblo Tøyen i Oslo hadde dei ekstrapremiar. Dei som nådde level 30 kunne få lage slim. Her er Linnea Bang (11) i aksjon.

På Biblo Tøyen møtte Framtida junior tre bokslukarar som har vore med på Sommarles. Volkan Akin kan du lese om på hovedbilete. I tillegg snakka vi med Amanda og Linnea.

Amanda Hjellset er ein ivrig lesar, og er ofte på Biblo Tøyen for å lese og henge med venner.

Amanda Hjellset 11 år

  • Om seg sjølv: Lesehest
  • Level: 30
  • Har lese: 34 bøker, 5337 sider

Anbefaler

  • Hestejenter-serien
  • En pingles dagbok-serien
  • Pax-serien
Linnea Bang er også blad i å lese. På Biblo Tøyen finn ho bøker som passar perfekt for henne.

Linnea Bang 11 år

  • Om seg sjølv: Elskar å lese
  • Level: 30
  • Har lese: 26 bøker, 2758 sider

Anbefaler

  • Hei, det er meg
  • Barnevaktklubben (tre bøker)
  • Guro-serien

Kva meiner du?

72 svar

I kva fylke bur du?

Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Viken, Oslo og Innlandet.

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir