Frankenstein-dagen

30. august er det Frankenstein-dagen. Kanskje litt tullete, men her kan du lese litt meir om fiktive Frankenstein.

Denne dagen er ein uoffisiell dag for å feire forfattaren Mary Shelley som skreiv historia om verdas mest leste monster.

Frankenstein kom ut i 1818, og blir sett på som ein av dei fyrste science-fiction romanane.

Boka handlar om vitskapsmannen, doktor Victor Frankenstein, som prøver å skape eit nytt menneske, men i staden skapar han eit monster som fører til stor ulykke.

Boka er filmatisert fleire gongar.

Ordforklaring: Fiktiv betyr oppdikta. Frankenstein er ein fiktiv person. Han er med andre ord ein oppdikta person.