– Eg må tørre å gjere fleire triks

MIN HOBBY: Sunniva (10) vil klare alle turntriksa i verda.

Namn: Sunniva Brun.

Alder: 10 år.

Bustad: Etne.

 

Kva hobby driv du med?

– Turn.

Når starta du?

– Eg starta på turn for dei minste då eg var to år.

Kor ofte trener du?

– Kvar tysdag.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Eg byrja fordi eg likar å prøve nye ting. Det var skikkelig gøy, og etter det har eg berre haldt fram.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

– Det kjem alltid nye utfordringar, og det er aldri for seint å starte. Eg likar å turne. Har lært meg eit par triks på trampolinen, det er ein fordel når eg skal gjer eit triks på trampetten.

Kva er målet ditt med hobbyen?

– Å klare alle turntriksa i verda!

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på øving?

– Eg må gå uansett, og eg veit at det er kjekt når eg først kjem meg dit.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti?

– Cirka sju.

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre?

– Eg må tørre å gjere fleire triks.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Det er berre å begynne, du kan starte kva tid som helst. Det er gøy, og det er noko nytt å gjere heile tida.