Reddar gullfisk frå små glasbollar

Det er mange som har gullfisk i små glasbollar heime. Akvariet i Paris meiner dette ikkje er bra for fiskane, så dei ber folk levere gullfiskar til dei.

Målet for Akvariet i Paris er at gullfiskane skal få ein ny sjanse i livet, skriv NRK.no.

Gullfisk, «Carassius auratus», er ein karpefisk som kan leve i opp til 20 år.

FOTO: Pixabay

I ein vanleg gullfiskbolle med plass til fem til ti liter vatn, så lever fisken ofte i berre to eller tre år. Og det er viss fisken får godt stell.

Dette er mishandling av gullfisk, meiner Akvariet i Paris.

– Gullfisk treng minst hundre liter vatn, nokon å vera saman med, litt dekorasjon og eit godt filtersystem for vatnet, seier leiar for Akvariet i Paris, Alexis Powilewicz til Reuters.

– Det er veldig viktig. Får den ikkje dette, så er den lei seg. Den blir faktisk mishandla, seier Powilewicz.

Akvariet ber folk om å komme til dei med gullfiskane sine.

Sel glasbollar i Norge

Små gullfiskbollar er framleis til sal i Noreg. Det er mange annonser på Finn.no.

Dei store akvariebutikkane som NRK har undersøkt, tilbyr ikkje slike bollar.