Idrettsfest med Bislett Games

Torsdag kveld brakar det laust i hovedstaden. På Bislett stadion er det atter ein gong idrettsfest, når det igjen er klart for Bislett Games.

Bislett Games har vorte arrangert sidan 1965. Det er eit friidrettstemne der idrettsutøvarar frå heile verda samlast for å konkurrere i ulike sportsgreiner.

Noreg har mange gode utøvarar.

Karsten Warholm, brørne Ingebrigtsen, Sondre Norstad Moen, Isabell Pedersen, Karoline B. Grøvdal og mange, mange fleire er no superklare for å gjere sitt beste.

Du kan sjå opninga i kveld, torsdag, på NRK 1 kl 19.45