“Sjekk vesten-dagen” 26. mai

Mange brukar oppblåsbare redningsvestar. Denne dagen kan du få hjelp til både å sjekke og få byte delar på den oppblåsbare vesten, slik at han fungerer som han skal.

Det er snart sommar, og folk dreg på sjøen med båtane for å kose seg. Då er det viktig å ha riktig sikkerheit.

Bruk av redningsvest er framleis eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere ulykker med alvorlig utfall til sjøs. Seks av ti nordmenn veit ikkje at vestane treng vedlikehald.

Laurdag 26. mai er det “Sjekk vesten-dagen”. Redningsselskapet tilbyr gratis sjekk av vestar denne dagen, og i tillegg vil redningsskøytene hjelpe til med både veiledning og opplæring der dei er.

Les meir på sjekkvesten.no