Ikkje ring tilbake til ukjende, utanlandske nummer

Dagleg kan ein robot svindle millionar av folk som brukar mobil.

Tidlegare i veka skreiv NRK at det i løpet av april i år var cirka 3,4 milliarder robotoppringninger i verda. Dei som står bak ringinga er tjuvar som vil lure andre for pengar. Robotoppringning vil seie at det er ein maskin som ringer til mange telefonnummer.

Eitt ring

I helga forsøkte nokon å svindle mange nordmenn. Svindlarane ringer frå eit ukjent, utanlandsk nummer. Dei ringer gjerne berre eitt ring, og så legger dei på. Viss du ringer tilbake til nummeret, tener dei pengar på tellerskritta.

Det å lure folk på dette viset vert kalla «Wangiri».

– Det betyr «eitt ring» på japansk, seier Anders Krokan, informasjonssjef i Telenor til NRK.

Kva kan du gjere om ein ukjent, utanlandsk nummer ringer deg?

Ikkje ring tilbake!