Syskenpar med ny oppfinning

I staden for å la vatnet som legg seg på frontruta gå til spille, har syskenparet kome med ei oppfinning som tek vare på vatnet i bilen sin spylartank.

Oppfinninga kan spare milliarar av liter med vatn kvart einaste år.

Daniel (11) og Lara Krohn (9) frå Tyskland er personane som står bak oppfinninga.

Regn kan brukast om att

– Vi sat i bilen då det pøste ned. Det var vatn overalt bortsett frå i spylartanken. Den var tom. Syster mi og eg syntest dette var morosamt, og kom på at vi regnet som kom ned kunne brukast om igjen, seier Daniel.

Det var under ein familietur i fjor at dei kom på idéen. Faren hadde tom spylevæsketank. Sjølv om det regna fekk han ikkje fjerna møkk på frontruta.

– Vi syntes det var rart at ingen hadde tenkt på å ta vare på regnvatnet før, seier Lara.

For å teste oppfinninga skrudde dei frå kvarandre ein leikebil, tok pumpa frå denne og sette den på ein modellbil inne i eit akvarium.

– Vi la så til eit filtersystem for at vatnet skulle verka reint. Det virka kjempebra, seier Lara.

(Artikkelen held fram under YouTube-filmen)

Ein genial idé

Theo Geuecke er ansvarleg for eksteriørdesign i Ford Europa. Han synest idéen til søskjenparet er genialt.

– Daniel og Lara sin idé har bokstaveleg talt vore rett framfør nasen på sjåføren i mange tiår. I løpet av fem minutt med regn er spylevæsketanken fyllt opp.

Bilar brukar mykje vatn

I dag brukar kvar bil i snitt 20 liter vatn kvart år på å halde frontruta rein. Om systemet til deito unge oppfinnarane hadde vore i alle dei 291 milionar bilane som køyrer rundt på europeiske vegar, ville det spart nesten seks milliarfar liter vatn kvart år