I år er faren større for å bli snøblind | Framtidajunior.no

I år er faren større for å bli snøblind

Designed by Freepik
Kva er det å vera snøblind?

Om sterk sol brenn bort det øvste cellelaget på auga, vert du snøblind. Det kjennest som du har sand eller rusk i auga. Men du får det ikkje bort. Tårene renn og det er vondt å sjå i lyse omgivnader. Mange har sterke smerter i auga. Nokon får uklårt syn, medan andre ser ting dobbelt.

– I år er det snø i mykje større delar av landet enn det som er vanleg på denne tida. Dermed er det ikkje berre på fjellet ein må beskytte seg mot UV-stråling, men også i låglandet, seier forskar Terje Christensen i Statens strålevern i ei pressemelding.

Lett skydekke og snødrev kan gi sterkare stråling enn klarvêr, skriv Nynorsk Pressekontor.

Bruk solbriller

For å redusere risikoen for å bli snøblind, kan du leggje skituren til morgon eller kveld. UV-strålinga er vanlegvis sterkast mellom klokka 11 og 15 på dagen.

Men det viktigaste tiltaket mot å bli snøblind er å bruke solbriller.

Dersom du skulle bli snøblind, kan du trøyste seg med at det går over. Men dersom problema er store, bør du ta kontakt med lege.

Kva meiner du?

119 svar

Kva blir summen?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir