Klekkja kylling ut av egg frå butikken

Solveig Barstad, som er TV 2-programleiar, ville sjekke om det kunne komme ein kylling ut av eit egg ho handla i ein vanleg butikk.

– Vi hadde høyrt rykter om at økologiske egg kan vera befrukta, så vi ville sjekke om det var mogleg å få ein kylling ut av eit egg vi kjøpte på butikken, seier Barstad til VG.

Solveig og nokre andre som jobbar i TV2 brukte ein rugemaskin til forsøket. Det skulle ta 21 dagar å klekkje egget, og reporter Marte Pettersen måtte snu egga to gongar om dagen.

Stille i egget

På den dagen kyllingane skulle vorte klekt om det var liv inne i egga, låg dei heilt stille.

Men så skjedde det noko.

Skjermbilde frå Solveig Barstad sin Instragram.

Poppa ut

Laurdag morgon satt Solveig heime og fulgte med då eitt av egga byrja å vibrere. Ho sprang til kontoret for å sjå kva som skjedde.

– Kyllingen kom poppande ut. Det var kjempegøy! No har ingen tid til å jobbe, alle må passe på denne vesle kyllingen. Den er jo veldig søt!, seier ho.

Skal flytte på gard

Men, ein kylling kan ikkje bu i ei eske på kontoret til TV2, så no må den få ein ny heim.

– Denne veka blir den levert til ein besøksgard. Den er blitt vant til mykje folk, men treng nok å få nokre søsken.