Gut (11) vert hylla av politiet etter å ha redda kameraten

Gutane skulle berre ta ein snarveg over eit jorde då det gjekk gale.

Måndag ettermiddag rykka politiet i Buskerud ut til ein bekk i Sande i Vestfold. Dei hadde fått melding om at to gutar hadde problem med å komme seg på land, skriv Dagbladet.

Det viste seg at gutane skulle ta ein snarveg, og at den eine hadde gått igjennom isen i ein bekk. Det skriv politiet på Twitter.

Ringte etter hjelp

Den eine guten klarte å halde kameraten fast, og samstundes ringe etter hjelp. Etter 20 minutt klarte politiet å finne ut kvar gutane var, og dei fekk begge trygt på land.

Trond Egil Groth, som er operasjonsleiar i Buskerud politidistrikt, seier til Dagbladet at han er imponert over innsatsen til den eine guten som redda kameraten sin.

– Det var veldig viktig at han haldt kameraten sin. Han gjorde ein veldig god jobb, seier Trond Egil.

VIKTIG: Ikkje ta sjansen på å gå på is når du er ute på tur. Snakk alltid med ein vaksen om kvar det er trygt å gå.