Veit du kva dette er?

Då foreldra dine var yngre, var dette superpopulært. Veit du kva det er?

Nintendo Game Boy (Wikipedia)

GAME BOY

Nintendo Game Boy var særdeles populært då foreldregenerasjonen var barn. Det var nintendospel som ein kunne spele på Game Boyen. Skjermen var i svart-kvitt.

Kassett (Wikpipedia)

KASSETT

Musikken høyrde foreldra dine frå ein kassett. Det kunne vere musikk på begge sider, og det var stor sorg dersom kassettbandet krølla seg i kassettspelaren. Seinare kom CD-plater.

POPPLES (Spider.dog/ Flickr/ CC BY 2.0)

POPPLES

Desse bamsane hadde ei lomme på ryggen slik at dei kunne bli om til ein ball. Popples var også ein teikneserie som gjekk på TV på 1980-talet. I 2015 kom det ein ny serie om bamsane.

POG (Stephen O/ FLickr/ CC BY-SA 2.0)

POG

Pog var eit spel med små, runde papplater. Det var om å gjere å vinne motstandaren sine Pogs ved å flippe dei med hjelp av ein slammer – som var ein plast- eller metall-plate som ein kasta ned på brikkane.

TAMAGOTCHI

TAMAGOTCHI (Pascal Maramis/ Flickr/ CC BY 2.0)

Dette var som eit slags datadyr som eigaren måtte behandle som eit dyr. Det trengte mat og søvn. Det kunne grine og måtte bli kjæla med. Alt dette gjorde eigaren ved å trykke på nokre knappar.