Statsministeren svara Oddbjørn (6)

Oddbjørn Enæs (6) etterlyste busskur og fekk svar frå både ordføraren og statsministeren.

Førre tysdag prenta avisa Grenda eit brev som Oddbjørn sendte til ordføraren. Der etterlyste Oddbjørn nytt busskur på Ænes.

Heile brevet er som følgjer: Kan du byggja nytt busskur på Ænes? Når det regnar blir eg så våt. Helsing Oddbjørn Enæs. Eg er 6 år.

– Sjarmerande

Ordførar Peder Sjo Slettebø la like etter ut ein kommentar på Facebook-sida si der han svara 6-åringen.

– Dette er vel eit av dei mest sjarmerande breva eg har fått i mi ordførargjerning. Viss ikkje Vegvesenet set det opp, så får eg vel finna fram hammar og spiker sjølv, meldte Slettebø.

Statsminister Erna Solberg hadde også noko ho ville seie om saka.

– For oss gamle Ænesferierande er dette eit viktig framsteg, kommenterte ho på Instagram.