Sjå morosam kråke som leikar

Trudde du det berre er menneska som leikar? Denne kråka hadde det gøy!

Det var Maren Ingeborg Hvamstad som filma kråka frå kontoret sitt. (Foto: Pressebilete, Samlaget)

Det er Maren Ingeborg Hvamstad som filma kråka.

Ho kika ut frå kontoret sitt i Oslo, og fekk auge på ei kråke som verka sjuk. Etter ei stund såg ho at kråka ikkje var sjuk eller skadd. Ho var berre veldig glad i å leike i snøen.

– Kråka rulla nedover taket seks-sju gongar, før ho flaug av garde, seier Maren Ingeborg.  – Det var veldig kjekt å sjå. Rett og slett ein bra dag på jobb.

På videoen vil du sjå spora etter kråkerullinga.

Naturfotograf Jan Rabben fortel Framtida junior at dette ikkje er eit sjeldant syn når det gjeld ramnar.

– Ein kan undre seg over om kråka prøver å kvitte seg med noko utøy, som lus eller lopper, seier Rabben. – Men med kråkefuglar veit ein aldri kva dei finn på, og ein skal ikkje sjå bort frå at kråka gjer det for leiken si skuld.

– Det har vore forska på ramnar. Då såg ein at fleire ramnar gjekk opp på ei tue, la seg på sida og sklei nedover etter tur. Dette var heilt klart for leiken si skuld.

Kråke (Foto: Petar Milošević / Wikipedia / CC BY-SA 4.0

Dei smartaste fuglane

Jan Rabben fortel også at kråkefuglar og papegøyer er dei mest avanserte fuglane. Med det meinar han at dei er smarte.

Kven veit? Kanskje er denne kråka på videoen smart, og ville kjenne at det kitla litt ekstra i magen?

Har du filmar av dyr? Send dei gjerne inn på tips@framtida.no