Nord-Korea og Sør-Korea skal spele på same hockeylag

Nordkoreanske ishockeyspelarar er no kommen til Seoul for å spele på lag med Sør-Korea i årets vinter-OL, skriv NRK.

Dei to landa har vore i konflikt med kvarandre sidan Korea-krigen i 1950. Difor er det heilt spesielt at dei no slår laga saman i OL.

Dei tolv representantane frå Sør-Korea er dei fyrste som reiser på eit offisielt besøk til nabolandet på to år, ifølgje det sørkoreanske nyhendebyrået Yonhap.

Nyttårstale

Det heile starta då Nord-Koreas sportsinteresserte leiar Kim Jong-un heldt tale til nyttår. Då  sa han nemleg at dei vurderte å sende deltakarar til OL.

Den internasjonale olympiske komité godkjende like etter, at Sør- og Nord-Korea kunne stille med eitt felles ishockeylag for kvinner.

– Dagen i dag markerer ein milepæl på ei lang reise, sa IOC-sjef Thomas Bach.

SJÅ VIDEO: Fox News/YouTube