Sigrid – Årets heitaste popnamn

Den britiske kanalen BBC har kåra norske Sigrid til årets popnamn.

Sigrid

Sigrid Solbakk Raabe

Født 5. september 1996

Kjend låtskrivar og artist frå Ålesund.

Nokre av låtane hennar:

  • «Don’t Kill My Vibe»
  • «Plot Twist»
  • «Dynamite»
  • «Fake friends»
  • «Everybody knows»
  • «Strangers»
LES FAKTALUKK FAKTA

I fjor blei Sigrid Solbakk Raabe kåra til “Årets nykommer” på P3 Gull. Det at Sigrid får denne prisen utanfor landegrensa er meir enn ho hadde trudd.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle få musikken min over sjøen, og no sit eg her som vinnar, sa Sigrid til BBC.

Sigrid er ein av dei yngste artistane gjennom tidene som har vunne «BBC sound of 2018».

«Don’t Kill My Vibe» og «Strangers» er to av dei mest spelte låtane ho har.

I USA omtala Billboard henne som ein av ti personar ein bør følgje ekstra med på i 2018.