Sjå som Donald Trump smiler: – Det er sjokkerande!

Det er ein god grunn til at Donald Trump smilte så breitt då han møtte Erna Solberg onsdag kveld.

Det er ikkje alle som får over ein time med den amerikanske presidenten. Men i går tok Donald Trump seg god tid til å møta statsminister Erna Solberg i Det Kvite Hus.

– Noreg er ein god kunde, alliert og venn, sa Trump.

Spesielt glad var han for at Noreg kjøper fleire varer frå USA enn USA gjer frå Noreg.

– Me har eit handelsoverskot. Noko som er sjokkerande. Høyrer dykk? Overskot! sa den amerikanske presidenten.

F-35
Noreg har kjøpt inntil 48 F-35-jagarfly. Det er ein viktig grunn til at Donald Trump smiler. Foto:
U.S. Department of Defense

Ein viktig grunn til det, er at fleirtalet på Stortinget har bestemt at Noreg skal kjøpa inntil 48 nye jagarfly frå USA til 71,5 milliardar kroner. I løpet av levetida vil dei kosta 268,1 milliardar kroner. Aldri før har Noreg brukt like mykje på eit kjøp.

Ueinige om klima

Ein viktig ting Donald Trump og Erna Solberg er ueinige om, er i kva grad landa våre skal ta ansvar for å kutta i klimautsleppa.

Donald Trump har bestemt at USA skal trekka seg frå Paris-avtalen, der forgjengaren hans Barack Obama hadde forplikta seg til å kutta i utsleppa.

Tesla
Mange Tesla-bilar blir selde i Noreg. Foto: Shal Farley/CC-lisens

Erna Solberg minna Donald Trump på at det er mogleg å tena pengar på å setja klimakrav.

– Sterke klimakrav gjer at bilar som amerikanske Tesla blir selt mykje i Noreg, sa Erna Solberg på pressekonferansen heime hos den amerikanske presidenten i Det Kvite Hus.

Les også: Difor er USA og Nord-Korea bitre fiendar