Slik lagar du ein julekrans

Det nærmar seg jul og Signe, Elise og Leah Sofie har fått i oppdrag å lage ein dørkrans til ytterdøra.

Til det treng dei

  • Granbar
  • Ståltråd
  • Silkesløyfe
  • Konglar eller anna pynt
  • Eventuelt hanskar dersom du brukar eine

Jentene henta eine frå hagen, og sidan det stikk ganske mykje brukte dei hanskar når dei laga han. Dei hadde ikkje hagehanskar, så dei tok vinterhanskar.

Slik gjer du det

  • Legg små kvistar på ei rekke, og surr dei fast i kvarandre.
  • Når du har fått ei lang pølse festar du endane saman.
  • Pynt med sløyfe og konglar eller annan pynt

– Det er ikkje så vanskeleg, men ein kan sjølvsagt legge einekvistar på ein halmkrans for å gjere det lettare, men det trengs eigentleg ikkje, seier Elise.

Så er kransen klar til å henge opp på ytterdøra, for å ønske alle velkomne inn.

– Det er veldig hyggeleg å gjere slike ting før jul, seier Signe. – Ein får litt julestemning, og så blir døra klar til jul.