Dei norske handballjentene er best!

Noreg spelar svært bra i VM. For mange er adventstida og handball noko som går som hand i hanske. Ekstra kjekt er det at Noreg gjer det svært godt.

Tek Noreg heim gullmedaljen i år også?

I år er det VM i Tyskland, og dei norske handballjentene viser at dei er verdas beste spelarar. Dei rett og slett briljerer i VM.

I løpet av dei siste ti kampane har dei vunne ni kampar og spelt ein uavgjort kamp.

Fjerde år på rad?

VM er ikkje ferdig enno, men vi får håpe at Noreg tek gullet med seg heim. Dei siste tre åra har Noreg vunne fyrste plassen.

  • EM 2016: Noreg tok gull
  • VM 2015: Noreg tok gull
  • EM 2014: Noreg tok gull

I kveld, Torsdag spelar Noreg kamp mot Tjekkia. Kl 20.30 på TV2

Ordforklaring:

  • Annan kvart år er det VM og EM. I år er det VM i Tyskland
  • EM: Europameisterskap
  • VM: Verdsmeisterskap