Jenny (13): – Eg får mellom 100 og 150 kroner

Me har snakka med Thea (11), Astri ( 11), Sarah Viona (13), Jenny (13) og Mina (10) om kva oppgåver dei gjer heime, og kva dei får i lommepengar.

NAMN: Thea Johansson Solberg

ALDER: 11 år

Får du lommepengar?

Det gjer eg. Etter sommaren starta eg å gjere ulike oppgåver heime for å få lommepengar, tidlegare var det meir slik at eg fekk pengar når eg skulle noko spesielt.

Kva brukar du dei til?

Alt mogeleg, men no er det mest julegåver. Eg kjøper eller lagar mine eigne gåver til vener og familien.

Kva gjer du for å få lommepengar?

Eg tørkar støv, hentar posten, brettar klede, og heng opp klede.

 

NAMN: Astri Berge

ALDER: 11 år

Får du lommepengar?

– Ja, eg har fått litt forskjellig, men no får eg 100 kroner.

Kva brukar du dei til?

– Eg brukar dei som oftast på sminke og godteri.

Kva gjer du for å få lommepengar?

– Eg ryddar og støvsugar. Det kjem litt an på kva som trengst av hjelp heime.

 

NAMN: Sarah Viona Wilnes

ALDER: 13 år

Får du lommepengar?

– Ja, det varierar mellom 150-200 kroner. Spørst kva eg gjer heime.

Kva brukar du dei til?

– Eg brukar dei på mat i kantina, og så brukar eg resten til å spare. Godteri og andre ting får eg som regel av foreldra mine.

Kva gjer du for å få lommepengar?

– Eg støvsug, vaskar, ryddar og slike ting. Eg vaskar også klede og brettar dei saman.

 

NAMN: Jenny Warholm Engh

ALDER: 13 år

Får du lommepengar?

– Ja, men det varierar. Dersom eg ryddar på kjøkenet og badet så får eg bonus. Men det ligg som regel mellom 100-150 kroner.

Kva brukar du dei til?

– Eg kjøper mat og drikke, når eg er ute saman med vener. Er det noko dyrt eg vil ha, så må eg spare til det.

Kva gjer du for å få lommepengar?

– Det er mykje. Eg ber ut søppel, støvsuger, skiftar sengetrekk, vaskar badet og tek ut av oppvaskmaskina.

 

NAMN: Mina Kvalsund Brendemo

ALDER: 10 år

Får du lommepengar?

– Eg får ikkje noko fast, men eg får som regel pengar på laurdagane.   

Kva brukar du dei til?

– Eg kjøper klede av og til. Men av og til kjøper eg ting som eg eigentleg ikkje treng. Som til døme ei ansiktsmaske som eg kjøpte. Og så kjøper eg godteri.

Kva gjer du for å få lommepengar?

– Eg ryddar rommet mitt, og så kjem eg til å trille veslebror min når han kjem. Det gler eg meg veldig til.