Gutar får også HPV-vaksine

Regjeringa har sett av penger til at gutar skal få HPV-vaksine på 7. trinn frå neste skuleår.

Vaksinen kan hindre kreft i munn og svelg. For jenter kom vaksinen som eit tilbod frå 2009 som ein del av vaksinasjonsprogrammet i 7. trinn.

– Veldig glade

Folkehelseinstituttet har arbeidd med å få til dette tilbodet også for gutar i lang tid.
– Me er glade for at det er sett av pengar til dette, seier Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet til forskning.no. Ho er overlege ved avdelinga som arbeider med å førebygge sjukdommar.