Har du høyrt om hashtaggen #Metoo?

- Me må snakka meir om grenser, om kva som er greit og ikkje, og korleis me behandlar kvarandre i kvardagen. Heilt frå me går i barnehagen, skriv Helsesista Tale Maria Krohn Engvik (37) på sin Snapchat.

Dei siste vekene har jenter og kvinner over heile verda delt innlegg i sosiale medier med hashtaggen #Metoo.

Innlegga handlar om seksuell trakassering, altså oppførsel som handlar om kropp og seksualitet, og som er ubehageleg. Slik trakassering føles feil, nedverdigande eller trugande, og det er desse følelsane som skiller det frå flørting. Flørting er gøy for begge, trakassering er ubehageleg for den eine.

Både gutar og jenter

Dette problemet opplever både gutar og jenter, men #Metoo handlar om jentene som opplever slik seksuell trakassering.

– Me må snakka meir om grenser, om kva som er greit og ikkje, og korleis me behandlar kvarandre i kvardagen. Heilt frå me går i barnehagen. I staden for å angripe kvarandre, la oss prøve å forstå kvifor dette skjer, og sjølv ta eit val inni oss kven vi vil vera, skriv helsesøster, “Helsesista” på Snapchat, Tale Maria Krohn Engvik (37) i dag.

BEGGE KJØNN: Både gutar og jenter opplever seksuell trakassering. FOTO: Skjermdump Helsesista på Snapchat