13 år og bileigar: – Eg har alltid vore bilinteressert

I ei garasje på Hareid møter vi Jørgen Drevland. Han har nettopp kjøpt sin fyrste bil, i ein alder av 13 år.

Pappaen til Jørgen hadde høyrt at gamlenaboen skulle selje ein av dei mange veteranbilane han hadde ståande. Og Jørgen visste med ein gong kven som skulle bli den nye eigaren. Det var han sjølv.

– Eg hadde lenge hatt lyst til å kjøpe min eigen bil, så den ville eg ha.

Jørgen kjenner ingen på sin eigen alder som har bil, men han kjenner folk som har mopedar som dei skrur på. Foto: Ronny Drevland
Jørgen kjenner ingen på sin eigen alder som har bil, men han kjenner folk som har mopedar som dei skrur på. Foto: Ronny Drevland

Måtte mase

Jørgen måtte mase ei god stund på foreldra.

– Eg trur eg måtte mase sånn cirka fleire gongar om dagen, i over ei veke.

Men så fekk han lov. Jørgen skjønte eigentleg ikkje problemet med at det tok så lang tid før foreldra gav han lov, for han skulle bruke sine eigne oppsparte pengar.

Veteranbil

Då foreldra endeleg sa ja, blei faren med bort til naboen der dei vart einige om prisen og skreiv kontrakt.

– Det spesielle med denne bilen er at det er min aller fyrste bil, seier Jørgen og set seg inn i sin raudoransje Citroën GSA CLUB, ein 1981-modell.

Pappaen hjelper til med mekkinga, for han har ei stor garasje, med det meste av verktøy og utstyr som trengs. Men akkurat no er det ikkje så mykje som skal gjerast med bilen. No går det mest i å vaske og stelle han. Jørgen fortel at dei har vore på EU-kontroll med bilen, og der blei bilen godkjent.

Gler seg til å bli 18 år

Om tre år er Jørgen gamal nok til å lærekøyre, noko han gler seg veldig til.

– Sjølv om bilen ikkje er den lettaste å køyre, så er det denne eg skal lærekøyre med, dersom eg framleis har han, seier Jørgen.

Det Jørgen ser aller mest fram mot er dagen han fyller 18 år. – Då kan eg kome meg dit eg vil, og samtidig ha det kjekt med å køyre bil.