Nynorsk nesten borte frå kinoane

Visste du at nesten ingen kinofilmar i Noreg blir teksta på nynorsk? På heile 17 år har berre åtte filmar fått nynorsk teksting. Det synest Språkrådet er altfor lite.

Trump sin kamp mot narkotika

Verdas største hangarskip er på plass i Karibia.

Iran går tomt for vatn

Det har ikkje regna nok i Iran. Områda der dei lagrar vatn byrjar å nærme seg eit kritisk punkt.

– Eit hurra for barns innsats i tusen, ja, millionar av år!

Den nye boka Barnas verdshistorie har vunne den viktige Brageprisen. – Eg håpar prisen kan gi boka nye lesarar, så riktig mange kan vera med i hurraropet, seier forfattar Erna Osland til Framtidajunior.no.

FNs klimatoppmøte: Global oppvarming kjem til å overstige 1,5-gradersmålet

For ti år sidan vart det sett eit mål om at temperaturen på jorda ikkje skal auke meir enn 1,5 grader.

Eventyr og forsking i isbjørnens rike

I boka Arktiske mysterier tek forfattar Maria Philippa Rossi (40) oss med til Svalbard – der nordlyset dansar, isbreane smeltar og isbjørnen luskar. Her får du lære om forskarane som jobbar i det ville nord, korleis alt i naturen heng saman – og korleis du sjølv kan vera med og ta vare på kloden.

Utanriksministeren: – Folk stoler på oss

Når det blir krig, prøver Noreg å hjelpa partane med å snakka saman. – Det er ofte lettare å snakka saman når det er nokre andre til stades, slik at dei som krigar med kvarandre kan bli samde om å avslutta krigen, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Rødøy kommune: Best i Noreg

Unicef kom med tal frå ei undersøking om kvar i Noreg det er best for barn å leve.

Ibelinprisvinnaren: – Kanskje den einaste grunnen til at eg framleis er...

Robin Garberg Hagen (17) vann Ibelinprisen førre veke, og blei årets rollemodell i spelverda. Han seier det er veldig givande å vere viktig for andre.

Slik kan vaksne hjelpa barn i krig

Når barn lever i frykt, treng dei vaksne som forklarer, lyttar og passar på, forklarar psykolog Solfrid Raknes. Ho har møtt mange barn som har opplevd eller opplever krig.

Mannsdagen: Noreg var tidleg ute med markering

19. november er dagen då menn og menns helse blir sett i lyset.

Barn i Kirkenes: – Det har kome dronar frå Russland hit

Jonathan, Hannah og Mia på 11 år går på skule i Kirkenes. I byen heilt oppe i nord lever dei på grensa til Russland. Sidan krigen starta i Ukraina, har noko endra seg.