Viss eg hadde hale
Morosam og tøysete bok der vi i tillegg får vite kva dyra faktisk bruker eigenskapane sine til.
Korleis ville det vore å ha øyre som ein elefant? Eller å ha hale som ein apekatt? Eller å vera tvikjønna som ein brunsnigel?
I denne boka blir det fantasert om korleis livet ville ha vore dersom vi hadde nokre av eigenskapane som dyra har.
Dette er ei morosam og tøysete bok der vi i tillegg får vite kva dyra faktisk bruker eigenskapane sine til.
Utdrag frå boka:
 
                                    
                        Bok:                         
Forfattar: Mats Eldøen og Sindre Goksøyr                        
Forlag: Samlaget                        
Utgjevingsår: 2019                        
Sider: 44                        
Passar for: 6-9 år                    
 
								 
								