Turbotvillingene og den store kanonballkampen

Boka er kjekk å lese, og ganske lang, eg vil seie at den er kjekk for born frå 6 år og oppover men kanskje litt vanskeleg å lese då, på grunn av mykje tekst og lite bilde.

Turbotvillingene og den store kanonballkampen er ein sann forteljing, ifølge forfattarane som òg er hovudkarakterane i boka.

Her er litt om kva boka handlar om:
Robert og Harald Stoltenberg er tvillingar og har sidan dei blei fødd konkurrert i alt. Men når dei flyttar følest det nesten som om det er dei to mot resten av klassen, dei andre i klassen forstår ikkje kva dei seier og Robert og Harald ser fort kven som er sjefen i klassen.

Det er faktisk så gale at dei må skrive lapp, viss foreldra lurar på kvifor dei kanskje aldri kjem heim frå skulen. Kor gale er det når dei treng hjelp frå nokre gamle bønder for å
overleve?

Bok:
Forfattar: Robert Stoltenberg og Harald Maxmillian Stoltenberg
Forlag: Cappelen Damm
Utgjevingsår: 2022
Sider: 376
Passar for: 6-11 år

Andre bokmeldingar